Dyra våre

Me har 20 kyr og 20 kalvar av rasen Vestlandsk fjordfe, i tillegg til eigen gardsokse. Fjordfeet er den opphavelege kurasen her på Vestlandet, med ei historie som går over 1000 år tilbake i tid. Fjordfeet er små og hardføre, og ekspertar på å utnytte utmarksressursar som gras, lyng, lauv og urter. Fjordfeet har lenge vore utryddingstruga, men bevaringsarbeid dei siste åra har bidrege til å auke bestanden. Og som vår kunde hjelper du til med å redde denne gamle kurasen. 

For oss er dyrevelferd viktig. I vintermånadane går dyra våre fritt inne i fjøset, og har tilgang på luftegard. Dei er også ute på beite i ein lang periode – frå ca. midten av mai til midten av oktober. Kalvane våre kjem til verda i perioden mars–juli, og lever i flokk saman med mødrene sine. 

.........

 

 

Gardsbutikk

 

Pakke med kalvekjøt

Pakke på 12–15 kg med kjøt av grasfôra kalv av Vestlandsk fjordfe. Kalvane får gå i lag med mora, og lever størsteparten av livet sitt ute på beite i det fri. Kjøtet er mildt i smaken, magert og mørt. Pakka inneheld eit assortert utval stykningsdeler (ulike filet, steiker, grytekjøt, short ribs, suppekjøt m/bein, skank, kvernakjøt og kraftbein).
Pris: 210 kr/kg.

Kalv, heil/halv skrott

Heil/halv skrott av grasfôra kalv av Vestlandsk fjordfe, grovpartert i bakpart og frampart. Perfekt til å bestille saman med familie eller vener, og fylle fryseboksen med kvalitetskjøt. Ved kjøp av heil/halv skrott får du også bestemme heilt sjølv korleis du vil partere kjøtet i ulike stykningsdelar. Innmat følger med om ein ønsker det. Gjennomsnitts slaktevekt på heil skrott er 120–130 kg.
Pris: 170 kr/kg.

Stykningsdeler

Indrefilet 599 kr/kg
Entrecôte 490 kr/kg
Ytrefilet 510 kr/kg
Mørbrad 390 kr/kg
Nyretapp (slakterbiff) 390 kr/kg
Flatbiff 300 kr/kg
Bogplomme 300 kr/kg
Brisket 290 kr/kg
Flat Iron Steak 320 kr/kg
Flank steak 300 kr/kg
Bankekjøt 250 kr/kg
Culotte 300 kr/kg
Grytekjøt 200 kr/kg
Kvernakjøt (u/ salt og vatn), beger á 400 g, 69 kr/stk
Nakkestykke m/bein 225 kr/kg
Høgrygg m/bein 310 kr/kg
Short ribs 225 kr/kg
Bibringe m/bein 225 kr/kg
Skank 250 kr/kg
Okse/kalvekjake 250 kr/kg
Kraftbein 80 kr/kg
Hale 85 kr/kg
Lever 100 kr/kg
Nyre 70 kr/kg
Lunge 70 kr/kg
Talg 100 kr/kg

Oksekjøt – sesongvare

Pakke på 12–15 kg med kjøt av grasfôra okse av Vestlandsk fjordfe. Oksen har gått ute på beite sidan byrjinga av mai, med variert kost av gras, urter, bladverk og lyng. Dette er fantastisk kjøt til haustmiddagane framover! Pakka inneheld eit assortert utval stykningsdeler (filet, steik, grytekjøt, suppekjøt m/bein, kvernakjøt og kraftbein).
Pris: 210 kr/kg.

Abonnement kalvekjøt

Om du ynskjer jamleg levering av kjøt, kan du bestille abonnement for eit år av gongen. Velg mellom 2, 4 eller 6 pakker i året, og hent på fast leveringsstad. Me minnar deg om henting nokre dagar i førekant av kvar levering. Abonnementet gjeld pakker på 10–15 kg med assortert utval stykningsdeler.
Pris: 210 kr/kg.

 
 

Om oss

Her på Een gard under Lønahorgi på Voss, har familien vår halde til i generasjonar. Produksjon av kjøt av grasfôra storfe er det me kan best. Me gjer vårt beste kvar dag for å levere kjøt av høg kvalitet til privatkundar, restaurantar og spesialforretningar. Vår målsetnad er ei framtidsretta gardsdrift basert på god dyrevelferd og til det beste for klima og miljø.

Familiebedrift

Een gard er ei familiebedrift, med heile fire generasjonar som bur i same tun. Her hjelper både små og store til ved behov. Det er Silje Een de Amoriza og Rodrigo de Amoriza som står for den daglege drifta av garden. Me tok over i 2021, og er relativt uerfarne bønder med spanande utfordringar framfor oss! Silje er odelsjente og Rodrigo storbygut frå Sør-Amerika, og saman med tre små ungar prøver me no ut livet som økobønder på denne vakre vestlandsgarden. 

Gamal norsk storfe-rase 

Me har ei besetning på ca. 20 mordyr og 20 kalvar av rasen Vestlandsk fjordfe, i tillegg til eigen gardsokse. Fjordfeet er den opphavelege kurasen frå Vestlandet, med ei historie som går over 1000 år tilbake i tid. Fjordfeet er små og hardføre, og ekspertar på å utnytte utmarksressursar som gras, lyng, lauv og urter. Fjordfeet har lenge vore utryddingstruga, men bevaringsarbeid dei siste åra har bidrege til å auke bestanden. Som vår kunde hjelper du til med å redde denne gamle kurasen. 

Livet ute på beite

Frå midten av mai til midten i oktober beiter dyra i utmarka rundt garden og i fjellbeita. Fjordfeet si gode utnytting av utmarksressursar bidreg til bevaring av det historiske kulturlandskapet vårt. Samstundes blir også drift av utmarksbeiter no rekna for å vera eit viktig tiltakt for å binde meir karbon i jorda. Forskning tyder på at det er dobbelt så mykje karbon i jord under grasmark som under skog. Beitedyr hindrar at slike områder gror att. Slik kan me som bønder vera ein del av løysinga  i møte med klimakrisa, og ikkje eit problem.

At dyra får vera ute på beite så mange månadar i året er god dyrevelferd. Dyra går også lause inne i fjøset i vinterhalvåret, i tillegg til å ha tilgang til luftegard. Kalvane våre kjem til verda i perioden mars–juli, og lever i flokk saman med mødrene sine.

Kjøt av høg kvalitet

Kjøt frå Vestlandsk fjordfe er kjent for å ha særs høg kvalitet, og blir samanlikna med det eksklusive kobe-kjøtet. Fjordfeet veks sakte, og har dermed mindre muskelfibrar. Kjøt av fjordfe har også marmorert feitt – det vil sei at feittet i stor grad ligg fordelt inni kjøtet, og ikkje som eit lag utanpå. Dette gir god smak! Dyra våre er også grasfôra.

Grasfôra dyr & lokale ressursar

Urter, bladverk, lyng og gras er hovudnæringa til dyra. Me nyttar berre minimalt med økologisk kraftfôr i korte periodar, for å gi ekstra vitamin og mineral ved sjukdom eller like etter kalving. Grasfôra dyr gir kjøt av særs høg kvalitet. Studier viser også at kjøt frå grasfôra dyr er sunnare en kjøt frå dyr som har fått mykje kraftfor, då det har betre samansetting av feittsyrer. Det vil sei meir omega 3 og mindre omega 6.

Garden vår er økosertifisert, og hovudparten av maten dyra får i seg er økologisk. Då me no har gjort avtale med det lokale Voss bryggjeri om å ta imot maltrestar som fôr til dyra, kan kjøtet likevel ikkje definerast som økologisk. Men me meiner uansett at det er riktig å utnytte ein slik ressurs i lokalmiljøet. Bryggjeriet blir kvitt det brukte maltet på ein enkel måte, og dyra våre set stor pris på litt ekstra variasjon i kosten. (Maltrestane utgjer likevel berre i underkant av to prosent av det totale kosthaldet til dyra, så difor definerer me dei likevel som grasfôra). 

Frå hovud til hale – miljø & klima

Me er opptatt av miljø og klima, og forsøker å ha ei så bærekraftig gardsdrift som råd. Difor har me altså økologisk drift, og me satsar på bruk av lokale ressursar. Me forsøker å bruke så lite drivstoff som mogleg til maskiner, og pløyer ikkje jorda vår. På garden vår finst ingen monokultur, men eit rikt plantliv der bier og andre insekter kan trivast.

Samstundes ynskjer me å formidle til kundane våre kor viktig det er å nytte heile dyret, når det først skal bli til mat – frå hovud til hale! Difor sel me ikkje berre indrefilet, men også lever, nyrer, lunger og kraftbein. Og stadig fleire av kundane våre forstår at kjøt er mykje meir enn berre biff.

Direkte frå bonden til deg!

Me sel kjøt direkte til privatkundar, restaurantar og spesialforretningar. Me leverer også på REKO-ring på Voss og i Bergen. Kalvekjøt leverer me året rundt, utanom eit opphald i juli–august. Rundt oktober kvart år leverer me også kjøt av okse og kyr. Etter avtale med kunde kan kjøtet langtidsmodnast før levering. 

Som vår kunde bidreg du til å støtte eit bærekraftig, mangfaldig og framtidsretta landbruk, historisk kulturlandskap og lokalt næringsliv!

 
 
 
 

Oppskrifter

Koke Kraft

Korleis koke verdas beste kraft – nokre tips! Les meir

Kjøtsuppe

Kjøtsuppe med rotgrønsaker og erter – god gamaldags husmannskost.

Grilling med ved

Kvifor ikkje prøve å grille med ved i sommar? Her er nokre tips til korleis du lukkast.

Hjarte

Hjarte er ein stykningsdel som blir altfor lite brukt.

Pizza med biffkjøt

Det er ingenting som heimelage pizza med biffkjøt til laurdagskvelden!

Osso buco

Ekte italiensk tradisjonskost laga med kalveskank.

 
 
 

Kontakt oss

Image

Adresse: Ænsmoen 64, 5710 Skulestadmo

E-post: post@eengard.no
Tlf.: 930 92 524

Facebook: @eengard