Velkomen til gardsbutikken vår!
I ein koseleg liten steinkjellar i det nesten 150 år gamle våningshuset vårt, har me opna eit lite gardsutsal. Her finn du lokalmat frå garden vår, i tillegg til varer frå andre lokale vestlands-produsentar.
Kjøt frå garden
I gardsbutikken kan du handle kjøt frå våre eigne økologiske & grasfôra Vestlandsk fjordfe. Me har alltid stykningsdeler på frys.
Tilbehør til middag
Me lagar chutney, urtesalt, soppsalt, sylta kantarell og ikkje minst vår berømte rabarbra-ketchup frå lokale råvarer frå garden vår.
Syltetøy
På garden vår bugnar det av bringebær, rips, solbær, rabarbra, plommer, svartsurbær og epler. Me lagar nydeleg & kortreist syltetøy som du kan handle i gardsbutikken vår.
Hudpleie av talg
Symre er vår eigen naturlege og økologiske hudpleieserie som me har utvikla dei siste åra, som me sel i eigen nettbutikk (www.symrehudkrem.no), og som er å finne hjå forhandlarar over heile landet. De finn også Symre i gardsbutikken vår.
Andre varer frå garden vår
I gardsbutikken finn du våre eigne handlaga talglys, naturleg møbelpleie laga av bivoks & olivenolje og potesalve til våre firbeinte venner.
Ved frå skogen
I gardsbutikken finn du 60 liters sekker med blandingsved av orr, rogn, selje og bjørk. Veden er kløyvd og lagt i sekkar av ungane på garden.
Produkt frå andre vestlands-produsentar
I gardsbutikken har me også nydelege varer frå andre vestlandsprodusentar. Her finn du bivokslys frå Mangfolk på Bolstadøyri, saueskinn frå Stalheimsøy gard, bøker frå Skald forlag i Leikanger og fargerike lys frå Mrs. Miccio i Bergen.
-
Korleis bestiller eg?
Du kan bestille varer her i nettbutikken! Så pakkar me bestillinga di og gir deg beskjed når den er klar for henting i gardsbutikken. Du kan betale med vipps eller kort ved henting.
Du er også velkomen til å stikke innom gardsbutikken og handle direkte her. Gardsbutikken er open når me er heime – og det er me stort sett! Er me tilfeldigvis ikkje heime, så er sjølvbetjening også heilt greit! Då plukker du varene du ynskjer, vippsar, og skriv i melding kva varer du har kjøpt.
-
Opningstider
Her på garden er det travelt, så me har ingen faste opningstider. Men butikken er open når me er heime, og det er me stort sett! Ring gjerne/send sms på tlf. 93092524 til Silje (bonden sjølv), så skal me sørge for at me er tilstades når du kjem.
-
Korleis finn eg fram?
På E16 (retning Oslo) tar du av til venstre ved Eensmidja. Køyr heilt til toppen av vegen og gjennom Eenstunet, til du kjem heilt i enden av vegen – adressa er Ænsmoen 64. Her kjem du til eit stort, kvitt hus med blå dører. Gardsbutikken er i kjellaren på huset.