Familiebedrift

Her på Een gard, oppunder fjellet Lønahorgi på Voss, har familien vår halde til i generasjonar. Me har ein liten flokk med den lokale og utrydningstruga storferasen Vestlandsk fjordfe, og satsar på sal av kjøt og andre varer produsert her på garden. Vårt ønske er å bidra til ei framtidsretta gardsdrift basert på god dyrevelferd – på lag med miljø, klima & lokalsamfunn.

Een gard er ei familiebedrift, med heile fire generasjonar som bur i same tun. Her hjelper både små og store til ved behov. Det er Silje Een de Amoriza og Rodrigo de Amoriza som står for den daglege drifta.

1 av 4

Livet ute på beite & god dyrevelferd

Me har ein flokk på ca 20 kyr og 20 kalvar av rasen Vestlandsk fjordfe, i tillegg til eigen gardsokse. Fjordfeet er den opphavelege kurasen frå Vestlandet, med ei historie som går over 1000 år tilbake i tid. Fjordfeet er små og hardføre, og ekspertar på å utnytte
utmarksressursar som gras, lyng, lauv og urter. Fjordfeet har lenge vore utryddingstruga, men bevaringsarbeid dei siste åra har bidrege til å auke bestanden. Som vår kunde hjelper du til med bevaringsarbeidet!

Frå midten av mai til slutten av oktober beiter dyra i utmarka rundt garden og i fjellbeita. I vinterhalvåret går dyra lause inne i fjøset, og har tilgang til luftegard. Kalvane våre kjem til verda i perioden mars–juli, og lever i flokk saman med mødrene sine. Dyra blir slakta ved det lokale gardsslakteriet Larsastova i Granvin – berre ein kort køyretur på
40 minutt frå garden vår.

Kjøt av høg kvalitet

Kjøt frå Vestlandsk fjordfe er kjent for å ha særs høg kvalitet, og blir samanlikna med det eksklusive kobe-kjøtet. Fjordfeet veks sakte, og har dermed mindre muskelfibrar. Kjøt av fjordfe har også marmorert feitt – det vil sei at feittet i stor grad ligg fordelt inni kjøtet, og ikkje som eit lag utanpå. Dette gir god smak!

Kjøp kjøt her!

Lokale ressursar

Dyra våre er grasfôra med eige, økologisk gras frå garden vår. I tillegg får dei variert kost med bladverk, urter og lyng i utmark. Me nyttar berre minimalt med økologisk kraftfôr i korte periodar, ved behov. Kraftfôret heiter Natura Drøv Viola og er soyafritt. Det inneheld protein som er produsert i Norge og andre nærliggande land.

Også dei andre varene våre – syltetøy, gelé, sylta grønnsaker, urtesalt og hudkremar – er alle laga med utgangspunkt i råvarer me finn i inn- og utmark.

Sjå heile utvalet av produkta våre!
  • Frå hovud til hale – miljø & klima

    Me er opptatt av miljø og klima, og vil spela på lag med moder jord. Me har økologisk drift (sidan 2004), har grasfôra dyr (= lokale ressursar), og forsøker å drive etter regenerative metoder. Kort fortalt vil det sei at me prøver å vedlikehalde og bygge opp økosystem og eit rikt jordliv. Dette gjer me mellom anna gjennom måtene me beiter på og ved ikkje å pløye. På garden vår finst ingen monokultur, men eit rikt plantliv der bier, insekt, fuglar og dyr kan trivast. Samstundes ønsker me å formidle til kundane våre kor viktig det er å nytte heile dyret, når det først skal bli til mat – frå hovud til hale! Difor sel me ikkje berre indrefilet, men også lever, nyrer, lunger og kraftbein. Og me lagar hudkrem og såpe av talget – på tradisjonelt vis.

  • Me sel økologisk kjøt av grasfôra Vestlandsk fjordfe. Kjøtet kan du kjøpe i gardsbutikken vår, på REKO-ring på Voss og i Bergen og i utvalde
    økologiske spesial-forretningar.

Kontakt oss!

Ynsker du å kjøpe kjøt eller andre lokale produkt frå garden vår? Kontakt oss gjerne i skjemaet under!

Gode helsingar frå Silje & Rodrigo

Kontaktskjema