Samling: Hudpleie av talg

Symre er vår eigen hudpleieserie utvikla her på garden. Det er ein hudpleieserie basert på talg frå våre eigne økologiske & grasfôra storfe, og frå nøye utvalde gardar i lokalmiljøet vårt. Ein har lange tradisjonar på norske gardar for å bruke talg til hudpleie – vår eiga oldemor lagde såper. Og for oss som er så opptatt av å bruke heile dyret, var det fantastisk å oppdage at me kunne forvandle talg til dei flottaste hudkremar! Symre inneheld få, naturlege og økologiske ingrediensar – og er mild og god for heile familien.