Familiebedrift

Her på Een gard, oppunder fjellet Lønahorgi på Voss, har familien vår halde til i generasjonar. Me har ein liten flokk med den lokale og utrydningstruga storferasen Vestlandsk fjordfe, og satsar på sal av kjøt og andre varer produsert her på garden. Vårt ønske er å bidra til ei framtidsretta gardsdrift basert på god dyrevelferd – på lag med miljø, klima & lokalsamfunn.

Een gard er ei familiebedrift, med heile fire generasjonar som bur i same tun. Her hjelper både små og store til ved behov. Det er Silje Een de Amoriza og Rodrigo de Amoriza som står for den daglege drifta.

Livet ute på beite & god dyrevelferd

Me har ein flokk på ca 20 kyr og 20 kalvar av rasen Vestlandsk fjordfe, i tillegg til eigen gardsokse. Fjordfeet er den opphavelege kurasen frå Vestlandet, med ei historie som går over 1000 år tilbake i tid. Fjordfeet er små og hardføre, og ekspertar på å utnytte utmarksressursar som gras, lyng, lauv og urter. Fjordfeet har lenge vore utryddingstruga, men bevaringsarbeid dei siste åra har bidrege til å
auke bestanden. Som vår kunde hjelper du til med bevaringsarbeidet!

Frå midten av mai til slutten av oktober beiter dyra i utmarka rundt garden og i fjellbeita. I vinterhalvåret går dyra lause inne i fjøset, og har tilgang til luftegard. Kalvane våre kjem til verda i perioden mars–juli, og lever i flokk saman med mødrene sine. Dyra blir slakta ved det lokale gardsslakteriet Larsastova i Granvin – berre ein kort køyretur på 40 minutt frå garden vår.

  • Me sel økologisk kjøt av grasfôra Vestlandsk fjordfe. Kjøtet kan du kjøpe i gardsbutikken vår, på REKO-ring på Voss og i Bergen og i utvalde økologiske spesial-forretningar