Hopp til produktinformasjon
1 av 4

Een gard

Ansiktskrem med raudkløver, nyperoseolje og rosegeranium

Ansiktskrem med raudkløver, nyperoseolje og rosegeranium

Vanlig pris 370,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 370,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Symre ansiktskrem med raudkløver & nyperoseolje passar for alle hudtypar, men er særskilt god om du har urein hud eller hud med aldringsteikn. Kremen er mjukgjerande og næringsrik.

Den inneheld få og naturlege ingrediensar:

Talg utgjer basen for kremen og er fantastisk for huda vår! Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og trekker difor raskt inn og gir næring. Har eit naturleg innhald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K.

Uttrekk av raudkløver i tistelolje gir også masse næring til huda. Tistelolje er velegna til alle hudtypar, og er den vegetabilske olja som inneheld størst mengd av omega 6-feittsyra linolsyre. Økologisk raudkløver frå garden vår kan ha ein rensande, nærande og mjukgjerande effekt.

Nyperoseolje er særs næringsrik og har mellom anna eit høgt innhald av antioksidanter. Den kan ha ein regenererande, oppstrammande, helande og cellefornyande virkning. Dette er ei veldig god olje til ansiktet, og er ekstra godt egna til moden, tørr og sensitiv hud.

Rosegeranium er mykje brukt i hudpleie for sine eigenskapar mot urein hud, eksem og aldrande hud. Rosegeranium er ei nydeleg og djup lukt av rose. Den kan virka avslappende, og i tillegg ha ein betennelsesdempende, sårhelande og revitaliserende effekt.

Geranium kan ha ein cellefornyande, betennelsesdempende og sårhelande effekt og her ei frisk opp oppløftande lukt av rose.
Symre er vår eigen hudpleieserie utvikla her på garden. Det er ein hudpleieserie basert på talg frå våre eigne økologiske & grasfôra storfe, og frå nøye utvalde gardar i lokalmiljøet vårt. Ein har lange tradisjonar på norske gardar for å bruke talg til hudpleie – vår eiga oldemor lagde såper. Og for oss som er så opptatt av å bruke heile dyret, var det fantastisk å oppdage at me kunne forvandle talg til dei flottaste hudkremar! Symre inneheld få, naturlege og økologiske ingrediensar – og er mild og god for heile familien.

Ved å kjøpe Symre får du eit handverksprodukt laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk, levande bygder, og lokale arbeidsplassar.

 

INNHALD INCI: Tallow, Carthamus Tinctorius Seed Oil, Trifolium Pratense Flower Extract, Pelargonium Roseum Leaf Oil, Pelargonium Grave Olens, *Citronellol, *Geraniol, *Linalool

* = Naturleg innhald i rosegeranium og geranium

INNHALD PÅ NORSK: Økologisk talg frå garden vår og frå andre utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, økologisk kaldpressa tistelolje, uttrekk av økologisk raudkløver frå garden vår, økologisk kaldpressa nyperoseolje, rosegeranium, geranium.

HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys. 

Kremen er sertifisert og har sikkerheitsrapport.

60 ML

Vis alle detaljer