Hopp til produktinformasjon
1 av 5

Een gard

Brisket

Brisket

Vanlig pris 340,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 340,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Økologisk brisket av grasfôra Vestlandsk fjordfe

PRIS PER KG: 340 kr

Brisket er del av brystet framme på storfe – og er fantastisk til grillen i sommar! Vil du verkeleg la denne stykningsdelen skinne, så er det smoker som gjeld / langtidssteikning på låg temperatur. Renskjær oversida for feitt og hinner, krydre godt med BBQ-rub, og grill på smoker / grill til ønska kjernetemperatur. Brisket treng lang tilberedningstid over låg varme (100–125 grader) – til gjengjeld vert resultatet fantastisk! Lat kjøtet kvile godt før servering.

 

KORLEIS HANDLAR DU HJÅ OSS: Ettersom stykningsdelene våre alltid har ulik vekt, vert også prisane forskjellige frå gong til gong. Difor kan ein ikkje førehandsbetale her i nettbutikken. Ein bestiller tilnærma vekt ein ynskjer, og betaler med vipps eller kort ved henting. Legg gjerne igjen ein beskjed i kommentarfeltet ved bestilling akkurat kor mykje du ynskjer av stykningsdelen, så tilpassar me bestillinga så godt me kan etter det me har tilgjengeleg.

SLAKT OG HALDBARHEIT: Kjøtet er slakta hjå Larsastova i Granvin, ein kort køyretur på 40 minutt frå garden vår. Brisket vert nokon gonger levert fersk, nokon gonger frosen. Haldbarheitsdato står på etikett på pakka.

 

Vis alle detaljer