Hopp til produktinformasjon
1 av 5

Een gard

Flat iron steak

Flat iron steak

Vanlig pris 380,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 380,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Økologisk flat iron filet av grasfôra Vestlandsk fjordfe

PRIS PER KG: 380 kr

Flat iron steak sit på utsida av bogbladet, og er mør og smakfull. Stykningsdelen er delt på langs av en sene, som kan skjærest ut enten før eller etter steiking/grilling. 

Stykningsdeler bør steikast over lengre tid og på litt svakare varme enn når ein steiker vanleg biff. Brun først raskt i panna, og deretter i omnen på 125 grader. Server ved kjernetemperatur på 58 grader.


KORLEIS HANDLAR DU HJÅ OSS: Ettersom stykningsdelene våre alltid har ulik vekt, vert også prisane forskjellige frå gong til gong. Difor kan ein ikkje førehandsbetale her i nettbutikken. Ein bestiller tilnærma vekt ein ynskjer, og betaler med vipps eller kort ved henting. Legg gjerne igjen ein beskjed i kommentarfeltet ved bestilling akkurat kor mykje du ynskjer av stykningsdelen, så tilpassar me bestillinga så godt me kan etter det me har tilgjengeleg.

SLAKT OG HALDBARHEIT: Kjøtet er slakta hjå Larsastova gardsslakteri i Granvin, kun ein 40 min. køyretur frå garden vår. Flat iron steak vert nokon gonger levert ferskt, nokon gonger frose. Haldbarheitsdato står på etikett på pakka.

 

Vis alle detaljer