Een gard
Kalvepakke, økologisk & grasfôra, ca. 15 kg
Kalvepakke, økologisk & grasfôra, ca. 15 kg
Pakke på ca 15 kg med økologisk kjøt av grasfôra kalv av Vestlandsk fjordfe. Kalvane får gå i lag med mora, og lever størsteparten av livet sitt ute på beite i det fri. Kjøtet er mildt i smaken, magert og mørt.
Pakka inneheld eit assortert utval stykningsdeler (ulike filet, steiker, grytekjøt, short ribs, suppekjøt m/bein, skank, kvernakjøt og kraftbein).
KORLEIS HANDLAR DU HJÅ OSS: Ettersom stykningsdelene våre alltid har ulik vekt, vert også prisane forskjellige frå gong til gong. Difor kan ein ikkje førehandsbetale her i nettbutikken. Ein bestiller tilnærma vekt ein ynskjer, og betaler med vipps eller kort ved henting. Legg gjerne igjen ein beskjed i kommentarfeltet ved bestilling.
SLAKT OG HALDBARHEIT: Kjøtet er slakta hjå Larsastova i Granvin, ein kort køyretur på 40 minutt frå garden vår. Kalvepakka vert som regel levert fersk, nokon gonger frose. Haldbarheitsdato står på etiketten på kvar stykningsdel.
PRIS PER KG: 270 kr
Pris: 270 kr/kg