Hopp til produktinformasjon
1 av 5

Een gard

Rundsteik

Rundsteik

Vanlig pris 290,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 290,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Økologisk rundsteik av grasfôra Vestlandsk fjordfe

PRIS PER KG: 290 kr

Rundsteik er eit magert stykke kjøt som ligg på bakparten på dyret. Egnar seg godt til gryterettar eller i supper som skal trekke ein stund, slik at kjøttet blir mørt. Rundsteik kan også brukast som steik eller roastbiff.

Gryterettar: Brun terningar eller strimler av rundsteik fyrst raskt i ei varm panne, og lat kjøtet trekke i vann/kraft i ca. 1 time.

Roastbiff: Brun heil rundsteik fyrst raskt i varm panne, og steik den deretter i omnen på 125 °C. 1,5 kg treng ca. 1 times steiketid.

Oksesteik: Steik oksesteik i omnen på 125 °C. Beregn ca. 2,5 times steiketid for ei steik på 1,5 kg. Mindre steiker på under 1,5 kg bør ein brune i steikepanna fyrst.


KORLEIS HANDLAR DU HJÅ OSS: Ettersom stykningsdelene våre alltid har ulik vekt, vert også prisane forskjellige frå gong til gong. Difor kan ein ikkje førehandsbetale her i nettbutikken. Ein bestiller tilnærma vekt ein ynskjer, og betaler med vipps eller kort ved henting. Legg gjerne igjen ein beskjed i kommentarfeltet ved bestilling akkurat kor mykje du ynskjer av stykningsdelen, så tilpassar me bestillinga så godt me kan etter det me har tilgjengeleg.

SLAKT OG HALDBARHEIT: Kjøtet er slakta hjå Larsastova gardsslakteri i Granvin, kun ein 40 min. køyretur frå garden vår. Rundsteik vert nokon gonger levert ferskt, nokon gonger frose. Haldbarheitsdato står på etikett på pakka.

 

Vis alle detaljer