Hopp til produktinformasjon
1 av 5

Een gard

Porterhouse

Porterhouse

Vanlig pris 650,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 650,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Økologisk porterhouse av grasfôra Vestlandsk fjordfe

PRIS PER KG: 650 kr

Porterhouse er skiver av filetkammen som er ca. 2,5 cm tjukke. Kvar skive består av indrefilet og ytrefilet med bein i midten, med feittkappe. Porterhouse har eit større stykke indrefilet enn t-bone. Porterhouse skjærer me kun av større og eldre dyr, og er fantastisk på grillen!

 

KORLEIS HANDLAR DU HJÅ OSS: Ettersom stykningsdelene våre alltid har ulik vekt, vert også prisane forskjellige frå gong til gong. Difor kan ein ikkje førehandsbetale her i nettbutikken. Ein bestiller tilnærma vekt ein ynskjer, og betaler med vipps eller kort ved henting. Legg gjerne igjen ein beskjed i kommentarfeltet ved bestilling akkurat kor mykje du ynskjer av stykningsdelen, så tilpassar me bestillinga så godt me kan etter det me har tilgjengeleg.

SLAKT OG HALDBARHEIT: Kjøtet er slakta hjå Larsastova gardsslakteri i Granvin, kun ein 40 min. køyretur frå garden vår. Porterhouse vert nokon gonger levert ferskt, nokon gonger frose. Haldbarheitsdato står på etikett på pakka.

 

Vis alle detaljer