Hopp til produktinformasjon
1 av 5

Een gard

Slakterbiff / nyretapp

Slakterbiff / nyretapp

Vanlig pris 390,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 390,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Økologisk slakterbiff (nyretapp) av grasfôra Vestlandsk fjordfe.

Slakterbiff (nyretapp) - også kalla butcher’s cut eller hanger steak. Namnet kjem visstnok frå at slakterne helst sparte denne stykningsdelen til seg sjølv, på grunn av den fantastiske smaken. Slaktarbiff er ein grovfibra stykningsdel, men veldig mør. Det finst berre ein slaktarbiff på kvart dyr. Slaktarbiffen sit på undersida av ryggsøyla mot bakparten av dyret, inn mot indre organ. 

Steik slakterbiffen raskt på begge sider på veldig høg varme, til kjernetemperatur på 52–54 °C. Pass på å ikkje steik den for mykje, då den kan bli seig. Lat kjøtet kvile. Skjær opp i skiver på tvers av fibrane.

 

KORLEIS HANDLAR DU HJÅ OSS: Ettersom stykningsdelene våre alltid har ulik vekt, vert også prisane forskjellige frå gong til gong. Difor kan ein ikkje førehandsbetale her i nettbutikken. Ein bestiller tilnærma vekt ein ynskjer, og betaler med vipps eller kort ved henting. Legg gjerne igjen ein beskjed i kommentarfeltet ved bestilling.

HALDBARHEIT: Kjøtet er slakta hjå Larsastova i Granvin, ein kort køyretur på 40 minutt frå garden vår. Slakterbiff vert levert frosen. Haldbarheitsdato står på etikett på pakka.

PRIS PER KG: 390 kr

Vis alle detaljer