Een gard
Universalkrem naturell
Universalkrem naturell
Symre universalkrem naturell kan brukast på heile kroppen. Den har konsistens som ei salve, er mjukgjerande, næringsrik og inneheld berre tre ingrediensar – talg, tistelolje og bivoks. Dette gjer den særs god for dei som slit med allergiar, eksem og sensitiv hud. Kremen har ein mild og naturleg aroma. Symre universalkrem naturell er også ei perfekt barnesalve, trygg og god. Den er særs dryg i bruk – ein treng berre litt om gongen.
- Smør den på bleieutslett
- Bruk den som kuldekrem
- Bruk den som ein ekstra næringsrik ansiktskrem og kroppskrem ved tørr hud
- Me har fått mange gode tilbakemeldingar på at denne er ekstra god ved eksem og andre hudproblem
Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår. Den inneheld dei feittløyselege vitaminane A, D, K og E. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng!
Kaldpressa tistelolje er godt egna til alle hudtypar, men også veldig god til urein hud. Tistelolja inneheld mykje av omega 6-feittsyra linolsyre, som bidreg til å halde huda smidig og sunn, og hindrar fukttap. Linolsyre kan også ha anti-inflammatoriske og antibakterielle eigenskaper.
Bivoks bevarer fuktigheit i huda og beskytter.
Ved å kjøpe Symre får du eit handverksprodukt laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk, levande bygder, og lokale arbeidsplassar.
INNHALD INCI: Carthamus Tinctorius, Tallow, Cera Alba
INNHALD PÅ NORSK: Økologisk kaldpressa tistelolje, økologisk talg frå eigen gard og frå utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, bivoks.
HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys.
Salva er sertifisert og har sikkerheitsrapport.
60 ML